Spennande å sjå på andre som leika
Isak e so gode. Ditte blir hans andre jul, og mi aller første feiring vekke frå familia mi. Ej grur mej allereide men gler mej sjølvsagt til å feire med Idar si familie. Dei he tross alt tatt mej so godt imot at dei e blitt mi familie dei også. Julafta skal ej og Isak våkne og rett ut på Digernes til julefrukost (Høre du mamma??) så det e berre å stille. Der skal vi vere heilt til Idar kjem frå jobb og vi må reise bort til Sætre. Ej gler mej slik på Isak sine vegne, forrige jul vart berre kaos for han, sov litt, grein mykje, sov litt til, grein enda meir.. Vi va fortsatt litt usikre som nybakte foreldre og det blei mykje stress.. No e det heldigvis heilt annleis og så forstår han jo litt meir også! Største utfordringa i år blir vel å holde han unda treet.
Nokren blinkskudd:
No går han vist han vil, men ikkje heilt. Berre noken skritt viss han ikkje gidd å krype.. Feks frå stolen til bordet og frå pappa til mamma. Evna e der så det e kanskje ikkje lenge før han finn ut han vil springe.. Berre han tør :) Han he lært betydninga av mamma, pappa, heia,hade og sjå.. Han he kunna det ei stund men no sei han mamma til mej og pappa til pappa! :) Det e dei skjønnaste ord so fins for oss!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar