lørdag 24. januar 2015

Kvardag for den minste i familien

Ein dag i livet til minstejenta vår.
Arja Isabell er verdas nydlegaste, morsomste og smartaste baby. Sei ikkje stort enda men hjelp så mykje ho skjønne. Herma etter søsken, veit nyaktig korleis ho skal få som ho vil utan eit einaste ord. Vi plukka ho opp ved det minste lyd så det er ikkje noko stress med ord då, tross alt. Hmm, har eg sagt det før? Vi har ikkje lært av dei andre bebisane altså.. Men håpar ho snakkar før fylte 2 år.

I dagtidleg fekk ho på seg sine nye crocs, og det blei eit skuespel utan like etterpå, ho blei stiv som ein stokk og rulla på gulvet til ho fekk sparka dei av. Ho som elska sko ellers, men dei skal altså helst være 10# for store.




Enda ein ting som er ganske kjipt med å være minst er når "tvillingane" har teselskap. Aron passa på at Arja må halde seg unna. Ho har allereie knust ein asjett frå det serviset.
Og dumme mamma som tek bilde istadenfor å trøste! 
Ikkje lett å forstå kvifor ho ikkje kan leike med det.


Litt seinare blei det heldigvis litt kos med syste. Ho herma mest etter søstra og dei tøysa og leika meir og meir ilag, det er godt å sjå. Ramona hadde tekna ei pannekake her og dryssa "sukker" på med blyantkvessaren. Eg synes det va veldig kreativt. Skjønne jentene mine.


Spesielt kjekt når Ramona knabba en halv pakke cheez doodles og delte med søstra. Der stod ho å trippa og kosa seg på kvelden når vi såg film - Monsters U. Etter den filmen vra det leggetid som blei stadig forseinka av små "monster" som skulle skremme kvarandre. Isak greidde å skremme meg, og når Idar flira av det va det i gong, da måtte dei prøve minst 1000 gonga til :) Søtingane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar