onsdag 19. mai 2010

Jippii!

Kunne sikkert laga 100 innlegg om kor deilig det e med sommar - endelig!! Energi og overskudd kjem tilbake, alt e berre så utrulig BRA for tida!Ej og Idar he det veldig, veldig bra! Lenge sia ej he savna han når han e på jobb.No går ej å telle timane til han e heime. Blir jo heilt mo i knea når ej ser han komme ned til huset! Min hærlige skattebass!! :D (Når han lese ditte tenke han hæ?? Ken ho der e?) Hihi..

Lese om så mange som skal til syden til sommeren, blir ikkje det minste misunnelig nei. Drømme om en liten tur til Hellas eller Thailand :) Meeeen, heller heime og blir FORELDRE igjen!! GLER MEJ SLIK! :):)

Angåande 17.mai så tok vi få bilde, fotografen (Idar) he tatt lang pause igjen og ville ikkje ta i kamera engong, ej filma kun. Interessa hass går i rykk og napp og ej e som regel for glømsk eller stressa til å ta noke særlig bilde av kvardagen vår so da blir det lite bilde frå oss desverre! Men Isak hadde bunad, og såg UTRULIG skjønn ut! Faktisk kjønnaste ej he sett :)

No e ej 34 veke gravid, "no flyte ikkje babyen, den kvila" sei dei på babyverden. Der e ikkje mykje kviling, aldri vore meir aktiv! Han eller ho står i alle fall opp i 11-12 tida om kvelden og held det gåande, lite søvn for tida :) Skal til jordmor neste veke og sjå om det blir tur på sjukehuset.

By the way! Ei kjekke jente ej hadde "pakt" med om å ligge på føda ilag sneik i køa og he allereide fått babien sin, vatnet gjekk 15.mai og veien gjekk til Ålesund der det blei fødsel i seteleie! Førstegongsfødande!! WOW tøff dame :)) Gratulerer igjen Elisabeth<-- Klikk for å sjå gullguten!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar