Onsdag morgen 21.Desember, 7 daga på overtid skulle ej inn for sjekk hos legen. Planen va å ta vatnet dersom ej va moden for det, fekk ei kjekk jordmor og en gyn dei kalla Jobe som hadde følgt mej ei stund, det va han som sa Ramona va ei jente :) Blei lagt inn på for-føda, men der skulle ej ikkje ligge lenge. Ej va 2cm men dei kunne ta vatnet heldigvis! Hadde ej gått gravid lenger hadde ej blitt steike gal. Etter en time uten at riene kom ville dei sette mej på drypp. Inn på føderom. Like greit å få det gjort meinte dei, her skulle det visst gå fort! Det va igrunnen greit for meg, men i ettertid ser ej at ditte blei den eklaste og vondaste fødselen hittil..
Idar måtte heim å hente kamera, typisk at vi gløyme ting, føde-bagen kunne nok stått heime kvar gong sida vi alltid gløyme det viktigaste ;) Når han for va ej i grei form, tok sikkert ikkje long tid å hente men når han kom tilbake va det VONDT, huska ej tviholdt i senga. Det va heilt grusomt kor fort smertene forverra sej, ba om epidural og forventa som sist at riene skulle forsvinne og ej kunne få slappe av litt, uheldigvis va det samme type som satte med Isak, og den tok ikkje smertene i det heile. Han og jordmora satt å snakka om helga og ignorerte mej og Idar mens han stakk, det syns ej va so smaklaust ej kunne spy. Med Aron måtte ej ligge som en ball og krøke mej so mykje ej greide og prikk stille mens dei stakk, men no berre satt ej rett opp og ned, riene kunne berre komme, han stakk uansett.
Sida smerteskrika mine vart litt annleis etterpå, kanskje prega av meir utmattelse og da meinte jordmora at jada epiduralen funka, den tok "toppane" so det va ikkje vits å sette på nytt. Ej håpte no den ville virke meir men etter å ha sagt at beina mine visna, og han gjekk ut skjønte ej etter få minutt at han satte feil, igjen!! Smertene blei fort like gale og verre enn før, av og til lurte ej på om ej hadde doble rier oppå kvarandre. Når ho sjekka mej va ej 5cm enda, like før ej grein, aldri vore meir utslitt og mørbanka trudde sjølvsagt det va lenge igjen, men 10min etterpå va det 8, jordmora vart litt sjokka og vips va det klart å presse.
Når pressriene kom he ej aldri vore meir letta, ej pressa et par mens ej skreik før ej huska ej skulle holde kjeft, haka på brystet og presse slik ej såg på TV! Hehe.. Da kom ho med en gong :) Prinsessa vår!
13.38 ca 3 tima etter start kom Ramona Mariell :) Ho va 3500g og 50cm lang :) Heilt perfekt.
Prikken min :)
Ditte e første gong ej ikkje he ville minnest fødselen, alle andre he ej vore stolt av og sjølvom ej va redd og uerfaren med Isak blei den på en måte den beste, og Aron va lett som en drøm. Mens alt ej huske fra Ramona va grusomt bortsett fra ho. Når dei tok ho vekk for stell skulle ej sette mej litt opp og da stod blodspruten.. Inn med Jobe igjen, mista en halvliter blod men det gikk bra. Trengte berre ta jern etterpå. Heldigvis he tilfrikninga gått mykje bedre dinne gongen! Etter-riene va absolutt håndterbare, trengte berre ringe på smertestillende første natta :)


