lørdag 28. januar 2012

Gode ord å huske på no.. :)

"Kan du klare - midt i trettheten - å øve deg på å nyte natten med barnet ditt. Nyte følelsen av at dere to utgjør en liten øy midt i menneskeheten. Den varme, urolige lille kroppen som er så intenst levende. Nattestillheten når barnet omsider roer seg. Freden når dere begge gradvis glir inn i søvnen.
Aldri noensinne vil du være så ettertraktet, så totalt elsket, så absolutt nødvendig for noen.Det kommer netter senere i livet, da du vil savne nærheten sårt. Når store barn vrir seg utålmodig bort fra din kjærtegnende hånd og ikke lenger vil ha godnattkos. Når tenåringen er ute om natten og du er fra deg av engstelse. Når redet er tomt for barn og du plutselig kjenner at egentlig gikk de alt for fort, gullårene. Så jobb litt med deg selv nå. Kjenn at nattestundene med barnet ditt også er gode - hvis du klarer..."
Gro Nylander

mandag 23. januar 2012

Ny kvardag

Det blei 3 innlegg på rappen det, som vanlig! 

Føle ikkje at ej heilt he komt inn i den nye kvardagen med tre små. Dagane fyke ivertfall avgårde og ofte blir dei ikkje slik ej ha tenkt. Hekje komt oss på babysong og åpen barnehage enda, slappa av mest heime. Men amminga går greit, Aron e kjekk og grei, ingen umuliusa (bortsett fra leggetid, da sette alle 3 i gong med hylekor) Fe mykje hjelp av bestisane i kjellaren, Ramona og Aron e på besøk med dei når Isak skal hentast i bhg.. Det må være so kjekt for ungane å vokse opp med familie so nært :)
Endelig kom go'snøven! Skikkelig kram og god som går an å gjer noke med! Varte vel en dag, no e den hard som is.. so det va best å komme sej ut med en gong. Aron hata visstnok snøv, og klede, kulde, akebrett, osv.. Skreik frå han fekk på sej kleda og gjekk ut til han fekk kome inn igjen. Isak kosa sej i alle fall. Bygde snødyr med pappa (hest?) rente akebrett aleine og storkosa sej :)
Innedyret vårt!


 Han lika ivertfall å sole sej. Ekje snakk om å sei frå at en e våken og ville inn her..
Her ser du forresten kor grusomme vindua våre he blitt etter stormen Dagmar, full i salt :(


Ramona elska å ligge på stellebord å lufte seg, kan ligge lenge å kike eller goprate med oss :) No he ho uheldigvis blitt forkjøla.. Syns det e fælt med sjuke små, ekje vandt med ditte. Gutane va friske heilt til Isak begynte i bhg!

søndag 22. januar 2012

Actionbilder

 He en søt liten fotograf. 
Her he han tatt bilde av en lat fredag, Aron søve, mens ej, Isak og Ramona ser Bonanza ;)
Her e den søte fotografen med lillesysta :)
Sjå kor det lyse av han! Stoltare bror fins ikkje :)

Stolt han lisjestorebror også :) Veldig glad i å kose systa :)

 ...og stjele smokk ;)

Prinsessa vår og noken fingra framom linsa, skakje ver lett alltid :)

Fødselshistorie Ramona Mariell



Onsdag morgen 21.Desember, 7 daga på overtid skulle ej inn for sjekk hos legen. Planen va å ta vatnet dersom ej va moden for det, fekk ei kjekk jordmor og en gyn dei kalla Jobe som hadde følgt mej ei stund, det va han som sa Ramona va ei jente :) Blei lagt inn på for-føda, men der skulle ej ikkje ligge lenge. Ej va 2cm men dei kunne ta vatnet heldigvis! Hadde ej gått gravid lenger hadde ej blitt steike gal. Etter en time uten at riene kom ville dei sette mej på drypp. Inn på føderom. Like greit å få det gjort meinte dei, her skulle det visst gå fort! Det va igrunnen greit for meg, men i ettertid ser ej at ditte blei den eklaste og vondaste fødselen hittil..

Idar måtte heim å hente kamera, typisk at vi gløyme ting, føde-bagen kunne nok stått heime kvar gong sida vi alltid gløyme det viktigaste ;) Når han for va ej i grei form, tok sikkert ikkje long tid å hente men når han kom tilbake va det VONDT, huska ej tviholdt i senga. Det va heilt grusomt kor fort smertene forverra sej, ba om epidural og forventa som sist at riene skulle forsvinne og ej kunne få slappe av litt, uheldigvis va det samme type som satte med Isak, og den tok ikkje smertene i det heile. Han og jordmora satt å snakka om helga og ignorerte mej og Idar mens han stakk, det syns ej va so smaklaust ej kunne spy. Med Aron måtte ej ligge som en ball og krøke mej so mykje ej greide og prikk stille mens dei stakk, men no berre satt ej rett opp og ned, riene kunne berre komme, han stakk uansett. 

Sida smerteskrika mine vart litt annleis etterpå, kanskje prega av meir utmattelse og da meinte jordmora at jada epiduralen funka, den tok "toppane" so det va ikkje vits å sette på nytt. Ej håpte no den ville virke meir men etter å ha sagt at beina mine visna, og han gjekk ut skjønte ej etter få minutt at han satte feil, igjen!! Smertene blei fort like gale og verre enn før, av og til lurte ej på om ej hadde doble rier oppå kvarandre. Når ho sjekka mej va ej 5cm enda, like før ej grein, aldri vore meir utslitt og mørbanka trudde sjølvsagt det va lenge igjen, men 10min etterpå va det 8, jordmora vart litt sjokka og vips va det klart å presse.
Når pressriene kom he ej aldri vore meir letta, ej pressa et par mens ej skreik før ej huska ej skulle holde kjeft, haka på brystet og presse slik ej såg på TV! Hehe.. Da kom ho med en gong :) Prinsessa vår! 

13.38 ca 3 tima etter start kom Ramona Mariell :) Ho va 3500g og 50cm lang :) Heilt perfekt.





 Prikken min :)

Ditte e første gong ej ikkje he ville minnest fødselen, alle andre he ej vore stolt av og sjølvom ej va redd og uerfaren med Isak blei den på en måte den beste, og Aron va lett som en drøm. Mens alt ej huske fra Ramona va grusomt bortsett fra ho. Når dei tok ho vekk for stell skulle ej sette mej litt opp og da stod blodspruten.. Inn med Jobe igjen, mista en halvliter blod men det gikk bra. Trengte berre ta jern etterpå. Heldigvis he tilfrikninga gått mykje bedre dinne gongen! Etter-riene va absolutt håndterbare, trengte berre ringe på smertestillende første natta :)

lørdag 31. desember 2011

God Jul og Godt Nyttår 2011 :)

 
I år feira vi med søstra til Idar. Hamsteren til Johan va kjempespennande!

 
Besten beundra det nyaste barnebarnet sitt
  
Johan og Aron fant tonen fort :)
  
Runt tredet må vi :) Isak vakje vanskelig å be
Ramona va rundt tredet ho og :)


Stramme kar klar til nyttårsmiddag :) begynde å bli stor gutten min!

 På Digernes va det utkledning med mine gamle kle. Hadde med en bossekk som jentene skulle få gå gjennom ;)




 Det blei ikkje skutt opp noke i år heller. Aron va kjempetrøtt kl.18 og Isak likte det fortsatt ikkje. Han e skeptisk til nye ting, veit ikkje korleis vi skal kurere det men det kjeme sej vel. Hadde ivertfall en morsom dag :) Kika litt frå stovevinduet før han la seg, no e det Ramonakos som gjelde :) og kanskje ei nyttårsøl.
GODT NYTTÅR! :)



tirsdag 27. desember 2011

Velkommen til verden Ramona Mariell :)

ENDELIG e du her, lille jenta mi! He lengta so lenge, det e fortsatt veldig uvirkelig og en smule overveldande men ej e so vanvittig glad og forelska i prinsessa mi. Elska den lille familia mi, du gjorde oss komplett lille venn :)
21.Desember kl.13.38 kom ho. 7 daga over termin.
3500kg og 50cm - Med haudet fullt i svart hår og heilt perfekt! Det va ei bestemt jente med ei stor stemme som kom i rakettfart når ho først bestemte sej :) Brølte høgre enn begge brorane til sammen det e ej sikker på, skal tru om det fortsette ;)


På besøk dag 1
Aron va en smule skeptisk til Ramona, skjønte vel ikkje heilt ka ditta va so smokken va god å ha då. Han e fortsatt ikkje so begeistra men velge å ignorere ho litt, ho fe sej nok en kos til slutt :) Ho e jo berre ei veke gammal.


 Ramona he gulsot og måtte ligge i lys, vart bra overraska når dei kom med dinne maskina. Isak måtte vi ha i lysboks, fekk ikkje ha han med mej og venta det samme no men med ditte "lysteppet" kunne ej ha ne hos mej heile tida :)


Dag 2 va vi litt varmare i trøyaog alt va bra :)



Godt å treffe gutane igjen ♥
Vel heime kosa vi oss, går litt på bensindamp men vips så e dei store alle mann og det e virkelig noke ej tenke mykje på dinne gongen, vi e jo komplett, ditte e siste babyen vår.. Aron e heller ikkje baby mykje lenger, Isak he blitt kjempestor og vi he insett kor mykje han faktisk forstår, han e både smart og slu! Hehe.. heilt nydelige alle sammen. Ej gjer det Ramona vil, sitte vi oppe heile natta so e det flott, berre ej fe kose med prinsessa mi ♥
Vi nyte tilværelsen og senke skuldrane, ikkje ej som støvsuga kvar dag lenger ivertfall :)



mandag 19. desember 2011

Overtid og litt kos

No e ditte offisielt min lengste graviditet. Isak kom på dag 5 kl. 10.33, no e ej snart over på dag 6 overtid. Bebis he kanskje hørt at ditte e min siste og tenke ej ska få nyyte ditte so lenge so mulig haha ;)

Va på overtidskontroll på dag 2, dei undersøkte og tøyde mej i håp om å sette i gong rier. Alt va bra med BT og baby, snakka sovidt om å ta vatnet på onsdag dersom det va modent for det, akkurat då va det i alle fall ikkje modent.


Bra noken teke i bruk babygymen når babien ikkje vil ut når ho skal??;)
Det e ei litt rar jul ditte. Ikkje mykje ej greie å gjer, mykje smerte, dårlig samvittigheit, frustrasjon og litt sammenbrudd med jamne mellomrom. No he ej egentlig slått meg til ro med å ligge på barsel/føda på julafta, håpe ribba e god! Haha.. Vanskelig å forestille sej jul med en heilt "ny" person istadenfor gutane men ej blir jo like glad i bebis, so det spela ingen rolle kar vi e. E jo god sjangse for at vi kjem heim også, men like greit å forberede sej på det!

Litt kos frå kalenderen he det blitt sjølom ej he gått i dvale pga bekken og aalle plage. Orka jaggu ikkje gå gjøna det no. Men so mykje hadde ej aldri forventa.. La oss sei det slik!

Ansiktsmaling :) 
 Når ej spurte Isak om å male meg LYSTE han opp! Haha.. Det va visst aller mest stas ;) Flira og flira!

Maleskrin i en pakke :) Tunga rett i munn Aron :)

LED-badedyr i en pakke. Bade med lyset av va spennande :)

Juletredet kom opp fjerde søndag i advent i år! Det he alt blitt plukka ned litt frå det da men, e vel derfor det e lurt å vente til 23?? Her e Isak i full gong og kosa sej, ej teke bilde fra min faste sofa-plass.. Aron måtte legge sej før vi fekk pynta, men det va like stas å våkne til et slikt syn!

No kryssa ej fingrane for fødsel i natt, nok en gong.. God natt!