lørdag 25. oktober 2014

Skule -og barnehagestart.



Det va en følelsellada dag, 18. august 2014.. For ho mor!
Hadde ikkje vi gått på kafe med to kjekke venna etterpå hadde eg nok brutt saman. Vi møtte spent opp på skuleplassen for tale og opprop, førsteklassene sist som fekk helse på rektor og lærar. Veldig formelt og ikkje akkurat kvardagen disse små femåringane va van med. Deretter va det inn i klasserommet der vi skulle ta farvel med dei små håpefulle for nokren tima. Eg synes det var  grusomt, men trur eg greidde å skjule det greit. Isak bda oss eigentlig reise med ein gong, noke som gjor meg enda meir trist! No går det berre nedover, snart vil han ikkje ha kos, klem eller suss foran andre, mamma og pappa blir flaue, kjipe og kjedelige! Neida, eg tek nok sorga veeldig på forskudd ja.

Korleis han greie seg.. Tja. Ingen tvil om at ditte e ei ENORM omstilling. Det er så totalt forskjellig fra bhg at det blir ei lita personlig krise for mange av desse små det er eg sikker på, det er absolutt ikkje alle som er klar til dette. Hadde berre overgangen vært mildare, dei skulle møtt læraren allereide i barnehagen fleire gongar, dei første dagane burde vore prega av meir leikbasert læring. Men no veit ikkje eg korleis det er. Kjenne eg blir heit og engasjert og forvirra og uff... MEN det har gått bra, han tek allereide buss heim, og første gangen han gjorde det blei han med en venn heim. Stolt og glad og litt trist mamma som fekk vite det da eg kom heim fra skule sjølv. Lille store Isaken min. 

Han he aldri gått på veien aleine, og no spring han til vennen sin på besøk (når det e lyst ute). Han les litt, greier å følge med og gjer det han skal. Han lære i den takta han skal, eg er igrunnen litt glad for det, han kan ikkje alt fra før slik dagane blir kjedelige og han ligg heller ikkje langt bak slik alt blir trasig. Så det går igrunnen veldig bra. Lekse tek allereide en time mange daga, og det e heilt ekstremt synes eg.. Kar skal fritida bli av? Særlig i seinare år. Han skal til på allidrett no mandag, d[ starta litt av tidsklemma hans..

Me ho her da.. Ka eg sa? Ho glei rett inn i barnehagen, gjekk rett bort til dei andre som va våken da vi kom og leika med ein gong. Det virka som dei va glad for å få ei ny stor jente der også. Ho er ein av dei eldste på småbarnavdeling, ifølge forsking er det der treåringane (2011 mod i år) har det best, så eg blei kjempeglad da ho kom dit. Ingen gråting, vinka hadet tredje dagen og va superfornøyd. Ingen uhell i barnehagen heller. En av studentane som kom i september/oktober va overasska over at ho nettopp hadde begynt, ho passa rett inn med andre ord.
Så da går disse to her snuppisane i barnehage ilag, og dei møtes ofte ute og leika ilag, særlig første tida, no har Ramona fått sine eigne vennar.. men det e nok godt med broren der enda. HAN er forresten ein ettertrakta og omgjengelig gut, og som vanlig en stor sjarmør :)
Og ho her da.. Elska ettårstida. Lære nye ting heile tida, mammadalt og berre utruleg skjønn. Her skal ho lære seg å krype i dressen sin. Mykje sutring å grimasje på gong.. Skjønn! No går ho også, 13mnd og veksla litt mellom å gå og krype, men er heilt stødig som ho egentleg har vore lenge.

Det som er dumt er at eg ikkje kan ta ut Isak når eg har fri, han MÅ gå på skule, den f;rste tida er ekstra viktig.. Då blir det kos med desse tre.. Men vi savnar Isak mykje på slike daga.


Sommer 2014

Oioi. Her må det oppdaterast.
Sommeren fauk forbi, vi va blakke og glade men fekk gjort og reist litt likevel!

Mykje he skjedd sida sommaren men sida ej skreiv dinne posten i august må dinne kome først.

Greidde blandt anna førre skuleår med kun B og C på eksamen, det e heilt utrulig når eg trudde fleire av eksamenane ikkje gjekk i det heile! Greie ikkje heilt å skjønne korleis eg gjorde det. Det va smertefullt i både bekken og mage(?) det stramma og svei når eg sat på skulebenkane, sikkert kynnera fra ein anna planet rett og slett, samstundes med bekkensmerter.


Over til sommeren









Vi he fiksa opp lillebadet og to gjesterom oppe, der eine blei leikerom til barna. Ikkje noko fancy med veggklistremerke og englevinga og pynt over alt, men et rom fullt i leike. Desverre ingen før-bilde men berre å sjå for seg FURU. Som ei hytte. Og lillebadet hadde fantastisk blomstrete 70-talls tapet Med det nye toalettet e det mykje lettare å vaske. Alt anna e nytt og, gulv, vegga, vask, speil, lys.. En veldig produktiv sommar :) Sit igjen med ein god følelse!

Aron hadde bursdag og fekk seg smålego for første gong, balansesykkel, ninja turtles pennal, han begynne å bli stor gutt han også!

Vi he også reist litt, og hatt tropesommar. Varmaste sommaren på veldig lenge, over 30 grader i fleire daga. Det he vore heilt hærlig. Ungane he kost seg i plaskebasseng, stort sett det einaste vi kunne gjer på slike daga. Vi prøvde oss på en leikeplass ein dag, men det var vanvittig varmt.

Vi reiste til Sogndal og besøkte søstra til Idar, storkosa oss på stranda mest kvar dag, ungane sprong i vannspreder og gutane fekk leike med den spennande legoen til søskenbarnet sitt. Spiste mykje god mat og alt va heilt strålande flott! Vi va en liten tur inn i Sogndal å shoppa litt også.


Vi he også tatt vår første "fjelltur" alle 8.


Etterpå va vi også en tur til Molde til andre søstra til Idar. Her blei også fjøra godt nytta, også mykje spennande lego og andre leike og good mat. Storkosa oss alle mann!


Pappa he flytta nærmere oss i fjor og der lika vi oss godt. Ramona masar om å besøke morfar mest kvar dag.




..Så vi he absolutt greidd å slite oss ut i sommar også, demonstrert av Ramona her som sovna rett på golvet.


Litt personlige oppdateringa:

Arja Isabell 
Arja e heilt gal. Ho e knapt 10 mnd og står aleine på golvet. Når ho begynte å krype va det kråling, ho drog sej framover golvet med armane og det såg veldig tungt ut. Men det gjekk raskt etterpå, ho gjekk frå kråling til å røyse seg opp over ALT. No kryp ho diagonalt, røyse seg opp og slepp seg!Ho er ei solstråle også, veit ikkje om vi he hatt blidare baby før! Folk sei ho grin aldri, men ho gjer jo det, ho he berre ikkje tid til det dersom ho dett. Men ho veit å sei frå når ho e trøtt, svolten eller vil ha selskap. Då er det kun bra nok å bli bært rundt og ha oversikt over alt som skjer før maten eller senga e klar.









Ramona Mariell
BLEIEFRI!!! Det var eit av måla i sommar og ho va absolutt klar! Nokre uhell enda, men he hatt laange periode innimellom uten! Ho e kjempeflink. Det skal bli flott å sende ho bleiefri i bhg.. Håpe alt går bra der, men litt tilbakefall e klart vanlig. Ho e veldig høglytt, bestemt og skal nok greie seg heilt supert. Vi he vært å besøkt bhg no når det va stengt og kika inn vindu, trur ho gler seg og snakka vi om barnehagen og avdelinga hinna lyse ho opp.



Aron
Aron e desverre sjuk igjen no. Det e mykje med han, han blir dårlig dersom han et for lite, et feil og sist på kontroll stod vekta stille. I det lange løp va det ikkje so farlig, men han skal inn for ny blodprøve for cøliaki og allergi. Slitsomt.. Men ellers på fireårskontroll va han heilt strålande, telte langt og imponerte helsesøstra stort, han hekje virka så interessert i å lære å telle, farga osv, men han he greidd det likevel, heilt aleine?? og kunne alt og meir til :)



Isak
Vi e so spent. Han kjenne ingen noke særlig godt i klassa si, men e en veldig omgjengelig fyr! Han er heller ikkje den som ropa høgst og eg håpe han blir sett og tatt vare på han også! 25 stk i klassa på to lærera e heilt villt synes eg. Dei fleste er 5, eg synes berre dei kunne lært MYKJE meir på barnehagen eitt år til.. Mn han e vel klar. Meir mora som ikkje e det.

fredag 13. juni 2014

I undertall!!

Hjeelp! Ungane he tatt over huset!! Hadde ej tatt bilde av ståda ville nok monge nikka og sagt jada, slik e det her også av og til. AV OG TIL, ja. He he ei bombe gått av kvar enaste dag. Det e FERIE.




Haha.. VI he tatt ut gutane fra barnehagen, og dei he vært heime i 7 daga no.  Ej he mange flotte plana, lære Isak å lese, lære Ramona å telle til 100, masse pedagogiske leik og læring og kreativitet skal ut men HJELP kor fort tida går, vips va 5 daga gått med til ingenting.. Ting kjem i veia.

- Åpen barnehage måtte vi jo berre få med oss, viktig å sosialiere seg med nye unga i litt barnehage-setting, særlig for Ramona. Gutane blei også med.
- Idar reiv ut lillebadet og det skal bli nytt. Dvs aleine med 4 små og plana går ut vinduet.
- Monstertruck-show! Meget viktig.
- Arja e sjuk :( En baby på hofta mens en skal gere _alt_ e av og til travelt.
- Male loftet. Ferie sa du? Nei. Skjer ikkje.. Grunna et rom på loftet med hjelp av 3 små, dei e enda kvite. Ops.
- Begravelse. Aleine med kidsa igjen.


 Må vel legge på et MEN.. 

Ungane kosa sej likevel, stort sett, når dei ikkje krangla e dei kjempegode. Akkurat no sitt dei på altanen og leika med dinosaura fanga i istida (fryst dinosaurfigura i ei silikonform med vann) og skal redde dei. Arja tek en lur og Isak driv å skifta kle for fjerde gong.. Han e verre enn mej! Og det fins læring i alt.. Når vi les bok om kvelden merka ej at dei kan faktisk utrulig mykje, det e ingen stress, og en lang sommar foran oss til å gjer akkurat det vi vil, når vi vil :) Dei e supre unga! 

Ej e den stoltaste mora på åpen barnehage, dei e høflige, snill og grei og inkluderande. Isak blei den største der og passa på at alle hadde det bra og sa fra når noken va stygge, og det å kunne omgås andre når en skal til på både skule og barnehage e noke av det viktigaste, ikkje å telle til hundre :)

Vi he komt oss ut litt likevel, om så berre til morfar og søskena mine på pappaveke, eller biblioteket.. Eller ut på verandaen!
Hønemor ut.


torsdag 29. mai 2014

Kreativitet

OBS - Tre nye innlegg på rappen nedom.

Ej e igrunnen kjent for å shoppe litt for mykje til ungane, gjerne både på nett og butikka. E vi først på shoppingsenter MÅ ej innom barnas hus, leikebutikk, alt mulig for å sjå om der e noke nytt til ungane. Sikkert et kjent fenomen :) Men alt treng ikkje koste skjorta heldigvis, no nerma ej meg to skrinne månedar og i forkant he ej søkt opp litt billig og kreativ moro for mej og ungane :) Vi smelta om gamle knekte krita til nye, som også kan brukast som leikefigura under tilsyn ;)

Vi he blandt anna hatt litt sanseleik med ris. Det med risen gjorde ej for å sjå i kva stadie dei va i følge en teoretikar, Piaget, sida ho no kan vere på vippen i mellom to stadie ifølge stadieteroien hans. Men ser at når ho fekk risen foran seg va det sanseleik som va i fokus, ho tegna sirkla og tok risen oppi henda og lot den renne gjennom fingrane osv.  Moro å sjå at ho fortsatt e litt bebi, ikkje berre velsevoksen stasnupp :) mens Aron såg rart på mej når han fekk ris foran seg og nokre plast-topper og figura, "ka vi skal med ditta?" "Neei, vekje ej" rakk ej knapt å sei for han va i gong å leike aalt mulig, fengsel, politi, og nye vria heile tida som han ivrig delte med mej. Da va det godt vi hadde laga leikefigura på forhand.
Ramona før ho klipte seg kort. Ekje heilt lett å halde styr på slikt fjasehår!




Pre-operasjonelt stadie ;)

vs Sanseleik




Fann også ei superenkel oppskrift på plastalina! 
(Som ej he nede og ikkje orka hente pga bein-økt idag!!) Haha.. off!


He laga både med og uten farge. Og dissa smoothie-toppene? Blei visst en bil av dei :) 
So no samla ej på dei!


Skulle lese her en dag, og vips va alle ungane rundt bordet med mej, du veit, slik som då skjer naturlig når en må gjer noke viktig :) Etter litt sukk og stønn spurte Ramona om nøtter og so va der komt ei nøtte-musefamilie på bordet og dei va sysselsett ei god stund! Men det vart litt for interessant for den kommande pedagogen soo lesinga blei det vel so som so med.. :)



Vi he også laga heimelaga slim! He laga både grøn og raud og fleire, alle e leika med og kasta, he ikkje heilt fått den perfekte slimen enda, litt prøv og feiling her :)

So derfor gler ej mej rett og slett til en blakk sommar der vi skal leve på luft, kjærleik og kreativitet ;)


Påska


Påska vår blei tilbragt HER :) IDYLL!! Vi elska å feriere på Nesjestranda. Vi bor jo rett over e39 og fergekøa dundra forbi fleire ganga for dag, nedom noken tre ja men det går ikkje an å halde en samtale mens det står på. På Nesjestranda e der stilt, dådyr sprang rundt på marka når vi gjekk morgenturane våra og fuglane kvitra.

Kjekkast av alt e jo at den gode familia våra bor der :) Søstra og svoger til Idar som forresten også he en veldig spennande gård, før he gutane til og med fått sitte på med traktor og besøkt kuene, no fekk Ramona også besøke kuene, litt skumle men sikkert veeldig spennande også! --og ikkje minst en liten flokk med flotte søskenbarn som e so flinke og passe på og leike med våre små :) Storkosa oss :)
 Ka? Ikkje kekt å bli knipsa bilde av når du held på å våkne? Ei litt overivrig mor i sving her :) Vi må jo i gang med dagen og suge til oss alt ferien he å by på! ..Hehe, kosejenta. Ho e nok lik pappaen sin ho her ;)







Fra en morgentur med jentene og Helga, kjekke søskenbarnet til mine barn :) Sjå utsikta berre. Sei det til Idar kvar gong, skulle GJERNE bodd her :)
 
Det var veeldig mykje trampolinehopping :) 
Ofte med 7 stk på!

 Arja e blitt so glad i søskenbarna sine ho også :) 
Ho va eit stort smil heile påska.


Påskeeggjakt og godis måtte vi ha! Idar gøymte egga og blei avslørt et par gonga på ferda ;) Men det blei stor stas for alle :)


SJÅ kor idyllisk berre. En nydelig tur i fjøra.